Løvstakken opp i dag,- ankelstatus etter knapt eit år

No på nyttårsdagen tok eg meg endeleg tid til målet om å gå opp på Løvstakken att. Samstundes kan det vere tid for å gjere opp ein status korleis det går med ankelen snart eit år etter eg fekk den nye protesen.

Her har eg kome meg opp på ein stein rett før toppen etter 3 kvarter rask gange frå Solheimslia . Eg liker å bruke staver for å avlaste knea. Foto: Åshild Søyland


Ved starten av stien (eigentleg kl 14.07), hadde  nokon hengt opp julenisseposer, som sjølvsagt var tomme for gotteri.

Mi dotter og fotograf Åshild har vore her på toppen mange gonger. Endå til på ei nyttårsaften ein gong, men det vart for høgt til å få glede av fyrverkeria rundt omkring.


Flott vintersol som såvidt greide å komme igjennom skydekke som låg sørover til Klokkarvik. (kl. 15.07) F. Åshild Søyland


Vel heime (etter vel 8 tusen skritt på telleren) var ankelen godt opptøyet til å måle seg med den friske høgre foten. På utstrekket slik er dei nesten like.


Men bøyen tilbake er det verre å få like langt opp som den andre. Truleg har eg den opp mot 100 grader .

Best av alt, eg kjenner knapt noko i ankelen etter ein slik tur. Det er faktisk knea ein kjenner seg mest sliten i .

 

Neste innlegg får bli om det kjem snø, så eg kan prøve å gå på ski att.

 

 

 

 

 




Lagleg jord og tid for utplanting i grønsakhagen

Både ankel og skulder er såpass bra no at eg utan problem kan drive på å grave i hagen så me får planta i god tid. Eg bruker endå solfangere ei tid til grønsakene er godt etablert . Får heller dra opp plasten litt om me får dei varme dagane me er lova no i pinsen.

Elles kan eg no lange ut på  lengre  turar på mjuke grasbakker med gode MBT sko utan å få verken hevelse eller smerter etterpå. Faktisk er slik gåing  vel så god trening og uttøying av ankelen som ulike aparater hos fysioterapauten.

Våronn i hagen med støvlar og smertefri skulder !


No er det snart  3 månedar sia ankeloperasjonen og berre 18 dager sia ei utskraping i venstre skulder, og eg er no akkurat bra nok i begge ledd til å spa i kjøkkenhagen vår. I dag var det tint omlag ei spadjupne slik at eg kunne spa opp parsinakkene som har vore fastfrossne til no. Elles går det greit å tre på med støvler på den framleis litt tjukkare ankelen og går forsiktig korte avtander ute utan krykke. Går eg lenger bruker eg endå ei krykke eller stav for ikkje å overbelasta ankelen.

Utruleg nok, tek ikkje noko av parstinakken skade av den langvarige og djupe telen me har hatt i vinter. No kan me gasse oss i friske røtter til fiskesupper, lapskaus eller rett og slett berre god parstinakkmos !


Den nytinte jorda var ekstra porøs og god stuktur sjølv om det ennå låg tele att lenger nede. Valgte derfor å sette allereie dei tidlegaste potene då groene hadde kommet så fint. Eg vil så dekke med solfangerplast  og satse på å kunne dekke mot evt nattefrost når dei kjem opp i mai.

Hanne marie og Kristin hjelper til med settinga.




Snart heilt uttøyd ankel!


I dag, etter trening og tøying hos fysioterapauten, har me fått tøyet ut venstre ankel nesten like langt som eg greier å presse den friske høgre ankelen. Og best av alt, det er berre ein god følelse å få strekke (presse) ut vrista den vegen !


Tilbakebøyinga mangler endå nokre grader. Her er det hevelsen og litt smerter som held att. I tillegg kjenner eg og strekken i akillessena bak som ikkje har vore strekt så langt sia før truckvelten i 1977. I dag målte me fotvinkelen godt over 90 grader. Målet er vel over 100 som eg greier på presse den friske foten.


Frå denne vinkelen ser ein tydelegare kva som mangler på tilbakebøy av ankelen. her ser ein og "skuren" som som nå berre er eit fint grodd arr. Ennå blir foten lett litt truten (hoven) når eg nå stort sett berre brukar ei krykke og går forsiktig på den. Sist torsdag tok eg også ei utskraping av venstre skulderbein for betre plass til løftemuskelen som har vore tidvis mykje betent i fleire år.


Og slik sat gubben i vårsola så Åshild kunne ta desse skrytebileta av ankelen min.....

Gulrota allereie sådd i smuldrande fin jord !

På tross av snø i skuggen og tele fortsatt i jorda, har eg i år fått sådd gulrota i den finaste tørre jordskorpa eg har opplevd på lenge.  Men så var det også i min beste jordbenk ,kor eg hadde hatt graskar i fjor og eg hadde dekka jorda i nokre dagar med plast. Frosten og soltørken me har hatt no i uvanleg lang tid, hadde då  varma opp og tørka det øverste jordlaget til det finaste såbedet ein kan ynskje seg, tross telen lenger ned i jorda.

Gulrota sår eg for hand med denne "så-knurparen" som eg lagar små vibrasjoner i , så frøa vert tynnsådd såpass at eg nærast slepp tynning seinare.

Foto: Åshild Søyland



Det var ein fryd for ein utvandra jærbu å få strø såfurene med denne fine soltørka jorda. Slik jord er ikkje ofte  å oppleve på ellers helst meir blaute vårar i desse trakter.


I dag var eg og heldig å få låne meir  "solfangerbøylar" som tydelegvis snart ingen veit kva er for noko, no som agrylduken er det einaste som vert seld som dekke til grønsaker. Men eg likar nå best desse små tunnelene med plastdekke no i april-mai, så får eg heller passe på med lufting når sola blir for sterk. Seinare kan eg heller bruke agrylduken for å hindre gulrotflua å legge egg så det blir "mark i rota".


Men før gulrota spirar om eit par veker, dekker eg att med plast for å halde på  fukt og få det litt varmare under. Den svarte plasten skuggar for tidlegare spirande frøugras, men kan bli vel varm om sola fortsett, så eg vil vel dekke den sida og med kvit plast.

Elles ankelen går det berre toleg bra med, men eg har med meg krykkene ute så eg sparer mest mogleg direkte gåing på foten endå.

 

 

Opptrening av ankelbøy og balanse hos fysioterapaut


Øvelse på balanseputer.    Foto:  fysioterapaut Olav Søreide


Denne veka har eg vore to gonger på trening hos fysioterapauten. Me trener då på tøying og strekking av ankelen begge vegar. Det er berre ein god følese å få strekke /presse ut vrista som etter litt oppmjuking no nesten når like langt som høgre foten. Bøyen tilbake stopper førebels litt over 90 grader, då hevelsen og litt smerte hemmer meir press den vegen.

Ein annan god øvelse for å styrke balansen er å stå på desse mjuke luftputene kor  ein heile tiden må arbeide med å halde balansen.

Opptrening hos fysioterapaut og metallskanning på flyplass

Fyrste veka etter gipsfjerninga vart ankelen meir hoven og raud, spesielt på kvelden etter gåing og forsiktig tøying.

Eg fekk fyrste time hos fysioterapaut Olav Søreide  på Nesttun fysioterapi etter ei god veke, og då hadde ankelen allereie blitt meir tøyeleg og eg kunne gå litt forsiktig nokre meter utan krykker.  Når eg no berre kviler ankelen litt høgt innimellom trening , får huden fort normal farge att og hevelsen strammer mindre. Foten går og fint i ein mjuk rommeleg sko no.

I helga no var eg også på ein snartur til Gardemoen på eit årsmøte i Norges Birøkterlag, og då fekk eg teste om skannerene på flyplassen peip av protesen. Men  korkje her på Flesland eller Gardemoen var det nokon utslag, så truleg treng eg ikkje ha med røntgenbilde av protesen neste gong.

I dag var det så pass mildt ute at me kunne byrja å legge på "pollenkaker" på kubene, siden biene no allereie har vore ute og smakt på krokus-pollenet.

 

 

Forsiktig tøying av ankelen

No skal eg forsiktig tøye opp ankel etter ei oppvarming med sykling. Eine måten er å stå oppreist mot ein vegg og tøye framover i leddet litt meir kvar dag.

Andre øvelse er å sette foten oppå ein benk eller krakk med bøyet kne og presse litt forover.

Sjølv om eg kjenner lite smerte av tøyinga, skal eg presse berre litt meir kvar dag, så eg ikkje hovnar meir opp. Eg merker allereie at ankelen blir litt meir hoven no med auka bruk. Her står eg ved ein benk nede i Fjellhagen i Botanisk Hage.

Gipsfri etter 41 dagar !

I går kom dagen gipsstøtta på ankelen skulle fjernast på Voss. Det passet slik at eg kunne kombinere turen med eit kurs i etablerar-økonomi på Flomsbryggen kor dette bildet vart teke i går. Det vart fortalt at det lå 3 tusen kubikk tømmer på kaien som i løpet av dagen vart lest oppå ein lektar.


Slik ser den nydusja skuren ut no. Ankelen er noko meir hoven enn før operasjonen, naturleg nok.  Litt stiv og lite bøyeleg endå, men mogleg å byrja bevege den eit par cm allereie no dagen etter. Framleis nærast utan smerter så lenge eg ikkje presser den og bruker ei eller to krykker endå.

Eg smørar min eige  honning på skuren (såret) for tørke ut evt. bakteriar og hjelpe til med raskere heling.


Med eit slikt "spill" lærte me på ein lettfatteleg måte korleis pengestømmen kunne virke i ei tenkt bedrift. Dette er den visuelle moderne måten å lære seg økonomistyring på. I går brukte me ein annan måte , Osterwalder-modellen, for å forstå og utvikle ein foretnings-plan for ei bedrift. 
Morgonen etter var nesten alt tømmer på båten, og kaien snart klar for Cruise- skipa igjen.


Lufting av tædene på Fløyfjellet

Her  på høgste punkt før Brushytta var det kjempeflott å sitte i sola og lese Skogeigaren. Foto. Kristin Skullerud

Med sol frå skyfri himmel og fleire plusgrader, fant me ut at Fløyfjellet kunne vere ein lur plass for gåtrening i dag. Sjølv om andre måtte fote seg med boddar, var det berre å slå ut piggene på krykkene, så hadde eg vel så godt grep på den ustrødde (ski)vegen opp mot Brushytta.

Nå har eg smidd til ein ny vippesåle av blå polystyren som eg har fasta under foten med gaffatape. Snøen  var akkurat passe mjuk til at det ikkje vart for harde trykk å tilvenne ankelen meir av kroppsvekta for kvart skritt.


Her er me på veg nedatt ved vegdele mot Munkebotn. foto  K: Skullerud


Utsikta mot Nordnes og Askøy frå Fløyen i dag !

 

Les mer i arkivet » Januar 2014 » Mai 2013 » April 2013
hits